Gallup før val kan verta forbode

Regjeringa lurer på om meiningsmålingar påverkar veljarane så mykje at dei bør forbydast i valkampinnspurten.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(NPK): - Vi er opne for det, seier statssekretær Dag Henrik Sandbakken (Sp) til Aftenposten.

- I høyringsbrevet om framlegg til endringar i vallova vert det stilt spørsmål om det bør innførast restriksjonar når det gjeld gjeldmassemedias tilgjenge til å publisera meiningsmålingar dei siste dagane før valdagen.

Sandbakken seier det er grunn til å sjå på dette. Han legg vekt på at det er viktig at eit val vert gjennomført så nøytralt og rett som mogleg.

Meiningsmålingar i sluttfasen kan påverka styrketilhøvet mellom partia.
Mellom høyringsinstansane er departementa, fylkeskommunane og kommunane, saman med medieinstitusjonar og meiningsmålingsinstitutt.

Generalsekretær Per kokkvold trur det er ein dårleg idé å forby meiningsmålingar i valinnspurten. Han trur at all informasjon ein kan få i opptakta til eit val, skjerpar interessa og fører til høg valdeltaking. Men ei viktig medieutfordring er å ikkje overtolka tala. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy