Stoppar åtte badeleiker

Artikkelen fortsetter under annonsen

Importørane av åtte badeleiker har fått beskjed om å trekkje produkta tilbake frå marknaden etter ein kontroll som Statens forureiningstilsyn (SFT) har gjort.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: SFT)(Foto: SFT)

(NPK): Av i alt 18 kontrollerte baderingar, armringar, oppblesbare basseng og båtar inneheldt 8 forbodne ftalat, stoff som blir brukt til å gjere plastleikar mjuke. Berre 3 av dei kontrollerte produkta inneheldt ikkje ftalat i det heile.

Ftalat er forbode i produkt retta mot barn opp til tre år. Stoffa gjev ingen akutt helserisiko, men lekk ut til omgjevnadene ved suging og biting og har langtidseffektar på helse og miljø. Vanleg bruk inneber elles normalt ingen risiko, og difor er ftalat tillate i leiker for større barn.

SFT oppmodar forbrukarane om å be om informasjon i butikken om innhald av ftalat i plastleiker. Det har ein krav på etter produktkontrollova. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving