Skjelpadde i Ranafjorden

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er ikkje kvar dag at ein ser skjelpadder gå i land på ei strand i Noreg. Det skjedde denne veka inst i Ranafjorden i Nordland.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: treknature.com)(Foto: treknature.com)

(NPK): Det skjedde denne veka inst i Ranafjorden i Nordland. Skjelpadda var på storleik med ein middagstallerken. Ho slappa av ein times tid før ho igjen la til havs.

Amatørfoto av den vesle krabaten kan fortelje zoolog Petter Bøckmann ved Zoologisk museum i Oslo at det er snakk om eit kjæledyr av arten raudkinna terrapin.

Dette er visstnok den vanlegaste skjelpaddearten i verda. Den høyrer opphavleg heime i Mississippidalen i USA. Det er ein ferskvassart, så skjelpadda i Ranafjorden har neppe kosa seg.

Ifølgje NRK Nordland har eigaren av skjelpadda meldt seg. Skjelpadda heiter Tussi og rømde frå heimen sin i Rana i mai månad. Skjelpadda er no komen til rette, men eigaren vil vere anonym. Det er nemleg ikkje lov å ha denne arten i Noreg. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving