Demonstrerer mot okseløp

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er klart for San Fermin-festival med okseløp i den spanske byen Pamplona.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein dyrevernar demonstrerer mot okseløpet i Pamplona og mot spansk tyrefekting berre iført truse med slagord og symbol. (Foto: Eloy Alonso, SCANPIX/REUTERS)Ein dyrevernar demonstrerer mot okseløpet i Pamplona og mot spansk tyrefekting berre iført truse med slagord og symbol. (Foto: Eloy Alonso, SCANPIX/REUTERS)

Pamplona (NTB): I år vert byen prega imidlertid vel så mykje av demonstrasjonar mot dyrplageri som av entusiasme for løpet.

Nokre av demonstrantane har kasta kleda heilt og haldent, andre nøgde
seg torsdag med å vise truser påført slagord og symbol mot okseløpet.
Høgsterett i den spanske provinsen Navarra, der Pamplona ligg, har godkjent denne typen demonstrasjonar.

Encierro, som okseløpet vert kalla, er den viktigaste hendinga i Pamplona under San Fermin-festivalen. Løpet samlar deltakarar frå heile verda, og bilde frå hendinga rullar over fjernsynsskjermane i mange land.

- Oksane spring veldig fort, det er umogleg å springe frå dei, det går ikkje eingong an å halde tritt. Det tryggaste er å springe langsamt til å byrje med, halde auge med oksane og så hoppe til side for å la dei passere, heiter det i nettstaden uen.org si omtale av hendinga.

For tre år sidan sprang 20 personar for første gong splitter nakne gjennom Pamplonas gater, i eit garantert dyrplagerifritt alternativ til
okseløpet. Dette talet har seinere vekse til rundt 600, skriv dyreverngruppa PETA på nettsidene sine. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving