Korte høyringsfristar går ut over demokratiet

Artikkelen fortsetter under annonsen

Advokatforeininga meiner høyringsfristene for nye reglar og lovframlegg er så stutte at det går ut over både demokrati og rettstryggleik.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: jus.no)(Foto: jus.no)

(NPK): Dei partane som er innblanda når lover og føresegner skal ut på høyring før politikarane gjer vedtak, rekk ikkje alltid å setja seg inn i dokumenta.

Generalsekretær Merete Smith i Den Norske Advokatforening seier til Aftenposten at ho tykkjer heilt klårt at dette er eit demokratiproblem, og at svarfristane ofte er så stutte at det ikkje er mogleg å koma med gode og gjennomtenkte innspel.

Ho skriv i eit brev til statsminister Jens Stoltenberg at departementa og etatane under dei ofte bryt eigne regelverk for høyringsprosessen.

Høyringsfristen skal ikkje vera mindre enn seks veker, og normalt er han på seks månadar. Advokatforeininga gjekk gjennom svarfristane på 260 høyringar, og 78 prosent hadde stuttare frist enn tre månadar, medan 25 prosent hadde stuttare frist enn seks veker.

«Dette er ikkje akseptable arbeidsvilkår og vil klårt føra til at færre lov- og føresegnframlegg vert kommentert», heiter det i brevet til Stoltenberg. «Det vil vera eit tap for rettstryggleiken, særleg for svake grupper som ikkje sjølve har høve til å kommentera regelverket». (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving