Ikkje lenger svartelista

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tre Akershuskommunar som har stått på økonomiske svartelister, har no fått orden på økonomien og har kome seg ut or lista.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Kommunane Enebakk, Nittedal og Vestby er ikkje lenger på Kommunaldepartementets økonomiske svarteliste. Årsaka er at kommunane har spart mykje pengar for å dekkja underskot frå tidlegare år. Det har innbyggjarane merka.

- Utgiftene er kutta, inntektene er auka og dei har fått balanse både i budsjett og økonomiplan og kvitta seg med gamal gjeld. Seier økonomirådgjevar hjå Fylkesmannen, Tor Håkon Skumsvold. Svartelista kommunar må få kommunebudsjettet godkjend av Fylkesmannen om dei skal låna pengar.

Tor Anders Ludvigsen, ordførar i Vestby kommune, meiner at fritak frå lista vil seia at kommunestyret i større grad rår over korleis pengane skal brukast og har høve til å gjennomføra ting som kjem innbyggjarane til gode.

Men ein annan Akershuskommune, Lørenskog, er framleis svartelista. Der heng gamalt underskot framleis att, og Skumsvold seier at ein vil gå inn i ein dialog med Lørenskog og departementet om korleis dette skal handterast. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving