Frp-kommune slår eit slag for nynorsken

Artikkelen fortsetter under annonsen

I førre veke vedtok Ørsta kommunestyre samrøystes ei fråsegn der dei set seg i mot at Møre og Romsdal fylke blir språkleg nøytralt.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Frp-ordførar Hans Olav Myklebust i Ørsta går sterkt imot eit språkleg nøytralt fylke. (Foto: Ørsta Kommune)Frp-ordførar Hans Olav Myklebust i Ørsta går sterkt imot eit språkleg nøytralt fylke. (Foto: Ørsta Kommune)

Møre og Romsdal er eit prøvefylke for einskapsfylket, der fylkesmannen og fylkeskommunen blir slått saman til ein organisasjon. Fylkestinget i skal no ta opp språkbruken i fylket. Ut frå argumentasjonen i ein interpellasjon kan det vere aktuelt å endre statusen frå nynorskfylke til språkleg nøytralt.

Interpellasjonen kom frå Torkild Solli Haukaas (H), som mellom anna brukte eit sitat frå Ivar Aasen som argument for språkleg nøytralitet.

Oppsiktsvekkjande


Ørsta kommunestyre er av fleire grunnar sterkt imot ei slik endring. Dei argumenterer med at den statlege delen av einskapsfylket er underlagt mållova, som gjer Møre og Romsdal til eit nynorskfylke då fleirtalet av kommunane i fylket er nynorskkommunar.

Ørsta kommune meiner det ville vere oppsiktsvekkjande dersom politikarane i fylket ville ha andre reglar for administrasjonen enn det det statlege regelverket seier.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ivar Aasen forpliktar


Kommunestyret minnar om at Møre og Romsdal fylke var ein viktig bidragsytar då Ivar Aasen-tunet kom på plass, og at fylket sidan har ytt tilskot til Dei Nynorske Festspela. Dette, meiner Ørsta kommunestyre, bør forplikte til å halde på nynorsken.

Viss dei tilsette i fylket føler at dei ikkje har kompetanse nok i nynorsk, minnar Ørsta kommunestyre om at Landssamanslutninga av Nynorskkommunar (LNK) i samarbeid meed Høgskulen i Sogn og Fjordane tilbyr kurs i sakshandsaming på nynorsk.

Rutinar istadenfor nøytralitet


Løysinga på manglande språkkompetanse er ikkje språknøytralitet, heiter det i fråsegna, men heller opplæring og gode rutinar for språkvask i organisasjonen.

Møre og Romsdal er eitt av tre fylke som har nynorsk som administrasjonsspråk. To fylke har bokmål, og resten har erklært seg språkleg nøytrale.

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving