Milliardær får mest i jordbruksstøtte

Artikkelen fortsetter under annonsen

Milliardær og godseigar Carl Otto Løvenskiold får mest jordbruksstøtte av alle som får landbruksstøtte.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: styreakademiet.no)(Foto: styreakademiet.no)

(NPK): Dette er mellom anna det som går an å lesa av ei liste over produksjonstilskot til bønder som no er offentleggjort for fyrste gong.

Nationen skriv at i fylgje lista får Løvenskiold over 1,355 millionar kroner i støtte for landbruksverksemda si. Løvenskiold har ein formue på 2,1 milliardar kroner. I tillegg til å driva landbruk og skogbruk, eig han mellom anna Maxbo-kjeden. Sjølv seier godseigaren at han ikkje visste at han fekk så mykje landbruksstøtte, og heller ikkje at det fanst ei slik liste.

Gjennomsnittsbonden får 135.890 kroner i tilskot. Totalt får norske bønder utbetalt kring 7,5 milliardar kroner i produksjonstilskot.

Lista er laga med tanke på meiroffentlegprinsippet. Både departementet og Statens landbruksforvalting ynskjer opne tilhøve, i fylgje direktør Reidar Olsen, avdeling landbruksproduksjon i Statens Landbruksforvalting, til nationen.

Lista inneheld 52 387 namn. Etter Løvenskiold på topp, fylgjer Universitetet i Ås, Heradsing AS og Ole Kristen Karlsrud, alle med over ein million kroner i støtte. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving