Meny

Sognefjorden arena for VM i fjordsymjing

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Einaste fjordsymjetevlinga i verda går føre seg i Sognefjorden. Sognefjord Swim Festival vert halden for andre året på rad.

Svein Røysum trenar for The Sognefjord Challenge. (Foto: Terje Eggum)Svein Røysum trenar for The Sognefjord Challenge. (Foto: Terje Eggum)

(NPK): Einaste fjordsymjetevlinga i verda går føre seg i Sognefjorden. Sognefjord Swim Festival vert halden for andre året på rad. Fjordsymjarar frå Storbritannia, Finland, Tyskalnd, Skottland, USA, Russland og Noreg har alt no meldt interesse.

Tevlinga vert laurdag 12. august. Deltakarane skal kryssa Sognefjorden frå Borlaug i Vik kommune til Nokkaneset i Leikanger

- Det er kapasitet til å ta i mot opp til 30 deltakarar, seier Sarah Jane Halls, dagleg leiar for festivalen.

VM-tevlinga er ein del av festivalen. Sundag 13. august vert det stor folkefest i Balestrand, der store og små kan få syna kva dei kan. Forutan symjestafett får folk høve til å symja dei 400 metrane over Esefjorden frå Tjugum til Holmen.

Det var i 2004, etter Lewis Gordons Pughs vidgjetne symjetur innetter heile den 20,5 kilomer lange Sognefjorden at interessa for fjordsymjing tok til å auka. Veka etter Pughs langsetter-symjing, symde tre nordmenn, ein tyskar og ei britisk kvinne tvers over Sognefjorden mellom Borlaug og Leikanger. Og året etter var altså den fyrste symjefestivalen i gang. (NPK)

Meir om fjortsymjetevlinga finn du på fjordswim.no

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus