Finnmarkingar får oftast juling

Artikkelen fortsetter under annonsen

Finnmarkingar får bank dobbelt så ofte som folk frå Oppland, viser ferske tal frå Statistisk sentralbyrå.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: parangaricutirimicuaro.blogspot.com)(Foto: parangaricutirimicuaro.blogspot.com)

Oslo (NTB): Det er første gong SSB har undersøkt kva fylke du har mest risiko for å få juling i, og tala viser store sprik, ifølgje Aftenposten.

7,1 av 1.000 finnmarkingar meldte vald i løpet av 2004. Berre 3 av 1.000 opplendingar gjorde det same. Gruppa som er mest utsett for vald er mannlege finnmarkingar, og ingen kvinner får hardare medfart enn nettopp dei i Finnmark.

Oslo kjem på andreplass. 5,8 av 1.000 Oslo-buarar meldte vald i løpet av eitt år.

Innlandsfolket ligg nedst på lista. Både i Oppland, Hedmark og Nord-Trøndelag er det lite bank å få. Sogn og Fjordane er også blant dei tryggaste fylka.

- Statistikken skildrar kva folk opplever som så grov vald at dei melder det til politiet. 85 prosent av all vald vert ikkje meldt, men den alvorlegaste valden vert i stor grad fanga opp av denne statistikken, seier forskar Reid Jone Stene i SSB. (©NTB)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving