Varsku om naudnummer til sjøs

Artikkelen fortsetter under annonsen

Hovudredningssentralen refsar Telenor Maritim Radio og Redningsselskapet for korleis naudnummer til sjøs vert marknadsført, og åtvarar mot forvirring.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Ill: songsofpraise.org)(Ill: songsofpraise.org)

(NPK): Kvar skal du verkeleg ringja om du er i havsnaud? Kystradioens 120-nummer, Redningsselskapets 02016-nummer, eller ingen av dei?

Hovudredningssentralen åtvarar om at stoda er vorten så uoversiktleg at det går på tryggleiken laus, skriv Aftenposten.

Telenor Maritim Radio bed båtfolk som treng diesel eller annan enkel assistanse om å ringja 120 på annonsene sine for betalingstenesta «Sjøassistanse». Redningsinspektør Terje Langås i Hovudredningssentralen ottast difor at mange kvir seg med å ringja fordi dei trur det kostar pengar.

- Det må ikkje vera tvil om kvar du skal venda deg om du kjem i havsnaud. Det må heller ikkje verta skapt eit inntrykk av at det kostar pengar å verta redda, seier avdelingsdirektør Ole Hafnor i justisdepartementets vernebuingsadeling.

Telenor Maritim Radio vil ikkje gje frå seg høvet til å tilby andre tenester ved bruk av 120-nummeret.

- Nummeret har vore i bruk lenge, og mange brukarar kontaktar kystradio utan å vera i naud. Slike kortnummer har også stor marknadsverdi, og departementet har ikkje tilbydd oss pengar for nummeret, seier direktør Ånund Haktorsen i Telenor Maritim Radio. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving