Meny

Dei strenge auga til sjefen

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Sjefar som skal på ferie, og som vil sikre ei effektiv utnytting av kapasiteten medan dei er vekke, får eit tips her.

Dersom dei tilsette føler at nokon ser dei, oppfører dei seg betre. Det har ein britisk biolog funne ut, fortel Forskning.no.

Ikkje finn på noko tull. Statsminister Jens Stoltenberg ser deg. (Foto: Odin.dep.no)Ikkje finn på noko tull. Statsminister Jens Stoltenberg ser deg. (Foto: Odin.dep.no)

Tetjuvar


Åtferdsbiologen Melissa Bateson ved University of Newcastle Upon Tyne var lei av at kollegaene hennar ikkje betalte for seg når dei forsynte seg av psykologiavdelinga sin felles te og kaffi. Som ansvarleg for kaffikassa bestemte ho seg for å gjere noko med problemet.

Myndige, mannlege auge får oss til å halde oss på matta. (Foto: okpatents.com)Myndige, mannlege auge får oss til å halde oss på matta. (Foto: okpatents.com)

Ho lurte på om dei ville oppføre seg betre om dei følte at nokon såg dei, og hengde opp bilde av auge over kaffikassa.


Auge og blomar


I ti veker hang det bilde over kaffikassa på psykologiavdelinga. Kvar veke bytte Bateson ut bilda, som veksla mellom å vise forskjellige auge og blomar.

Viss du er ein veldig søt og snill og hyggjeleg sjef som ikkje greier å sjå streng ut, kan du jo hengje opp eit bilde av Stalin.Viss du er ein veldig søt og snill og hyggjeleg sjef som ikkje greier å sjå streng ut, kan du jo hengje opp eit bilde av Stalin.

Resultatet Bateson kom fram til var slåande. Innhaldet i kaffikassa var tre gonger større dei vekene det var auge på bilda. Og strenge, mannlege auge var betre stimulans for betalingslysta enn flørtande kvinneauge.

Kvinneauge verkar ikkje fullt så skjerpande som manneauge. (Foto: frankiedrk.de)Kvinneauge verkar ikkje fullt så skjerpande som manneauge. (Foto: frankiedrk.de)

Ferietips til sjefen


Altså, her kjem tipset til sjefen: Heng opp bilde over deg sjølv på kontoret til alle dei du sjefar over før du reiser. Bruk eit bilde der du viser deg på ditt strengaste, så held dei seg nok på matta til du er tilbake.

ABC Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus