Meny

Guantanamo-fangar for retten i Frankrike

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Seks franskmenn vert stilt for retten i Paris denne veka, tiltalt for tilknyting til terrorisme.

Amerikanske soldatar gjer vaktteneste i ei av celleblokkene ved den omstridte fangeleiren i Guantanamo sør på Cuba. Mandag byrjar rettssaka mot seks franskmenn som er tiltalt for tilknyting til terrorisme, og som er tidlegare Guantanamo-fangar. Saka vert venta å føre til ny debatt om Guantanamo-leiren, som lenge har vore utsett for hard internasjonal kritikk. (Foto: Brennan Linsey, SCANPIX/REUTERS)Amerikanske soldatar gjer vaktteneste i ei av celleblokkene ved den omstridte fangeleiren i Guantanamo sør på Cuba. Mandag byrjar rettssaka mot seks franskmenn som er tiltalt for tilknyting til terrorisme, og som er tidlegare Guantanamo-fangar. Saka vert venta å føre til ny debatt om Guantanamo-leiren, som lenge har vore utsett for hard internasjonal kritikk. (Foto: Brennan Linsey, SCANPIX/REUTERS)

Paris (NTB-Reuters-AFP): Dei seks er tidlegare Guantanamo-fangar, og rettssaka vert venta å bidra til den oppheita debatten om USA sin fangeleir på Cuba.

Dei seks, som er mellom 24 og 38 år gamle, blei tekne til fange av amerikanske styrkar i Afghanistan mot slutten av 2001. Mandag vert rettssaka der dei står tiltalt for «samband med forbryterar i tilknyting til ein terrororganisasjon» innleia.

To av dei er også tiltalt for falskmyntneri. Mourad Benchellali, Imad Achab Kanouni, Redouane Khalid, Khaled Ben Mustapha, Nizar Sassi og Brahin Yadel seier dei blei utsett for fysisk og psykisk tortur i Guantanamo-leiren, og blei nekta tilstrekkeleg mat og drikkevatn.

Rettssaka i Paris vert innleia samtidig med at debatten om Guantanamo-leiren har gått inn i ein ny fase i USA. Høgsterett i USA avgjorde i veka som gjekk at systemet med eigne militærtribunalar der Guantanamo-fangar skulle bli stilt for retten, er i strid med den amerikanske grunnlova.

Saken går no til Kongressen, der leiande senatorer i helga sa at dei er klare til å gå i gang med nye lover som kan sørgje for at fangane blir stilte for ein domstol og dømde.

- Alle fiendtlege fangar, det vil seie terroristar, har rett til å bli stilt for retten i militær, men ikkje i sivil samanheng, sa den republikanske senatoren Lindsey Graham. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus