- Mindre løn er eige val

Artikkelen fortsetter under annonsen

Lønnsforskjellen mellom kvinner og menn har minimalt med diskriminering å gjere, meiner forskar Geir Høgsnes.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: Samfunnsforskning.no)(Foto: Samfunnsforskning.no)

(NPK): - Debatten om ulikt lønsnivå har i alt for lang tid vore prega av påstandar om diskriminering frå arbeidsgivarens side.

- Det er ei vanleg oppfatning at arbeidsgivar blir sur når kvinner får barn, og difor betalar dei mindre. Men i undersøkinga vår viser det seg at kvinner tener mindre fordi dei sjølve bestemmer seg for å jobbe mindre, og ikkje fordi dei blir diskriminerte av arbeidsgivaren, seier professor Geir Høgsnes ved Universitetet i Oslo til Dagsavisen.

Forskaren har sett på lønsutviklinga til rundt 100.000 funksjonærar i NHO-bedrifter over ein periode på 18 år.

- Kvinner reduserer arbeidstida si når dei får barn, medan menn ikkje endrar arbeidstida si. Sidan lønstillegg og stillingsopprykk ofte går til tilsette som er mest til stades på arbeid, resulterer dette over tid i høgare timeløn for menn, seier Høgsnes. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving