Brustad til kamp mot diabetes

Artikkelen fortsetter under annonsen

Noreg ligg som nummer tre på verdstoppen for diabetes type-1. Men ei rekkje tiltak skal redusere plager og samfunnskostnader.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: odin.dep.no)(Foto: odin.dep.no)

(NPK): Tidleg diagnose og breid satsing på førebyggjande og rett behandling til alle skal redusere plager og samfunnskostnader på grunn av diabetes, skriv Aftenposten.

- Diabetes er ein av dei store folkesjukdommane våre. Vi må snu denne utviklinga. Det håpar jeg vi skal få til med den nasjonale satsinga vi no legg opp til, seier helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad.

- Vi må nok innsjå at alt ikkje fungerer like godt i dag. Det handlar om organisering og om kunnskap.

Noko av det viktigaste vi gjer, er å tilsetje ein eigen strategidirektør for diabetesområdet i Sosial- og helsedirektoratet. Denne personen vil ha som sitt einaste ansvarsområde å jobbe med diabetes. Ei viktig oppgave blir å kome med konkrete tiltak der behovet er størst, seier Brustad. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving