For skandinavar og dei som vil bli det

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ønskjer du deg ein jakkeknapp som viser kven du er? Likar du lefse og lutefisk?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Suvernirsesongen er igang, og troll, elg og stavkyrkjer i plast går som hakka møkk.

Jakkeknappen finnast også i lefseversjon, for dei som likar det betre enn lutefisk. (Foto: uffda1.com)Jakkeknappen finnast også i lefseversjon, for dei som likar det betre enn lutefisk. (Foto: uffda1.com)

Men ein må ikkje lenger reise til Skandinavia for å sikre seg skandinaviske effektar.

Uff da


Den amerikanske nettstaden

Uff da

gjer seg ut for å vere ein stad for skandinavar og dei som gjerne vil bli det.

Korleis blir ein skandinav, viss ein til dømes ikkje bur i Skandinavia ein gong? Vel, kanskje det kan hjelpe med ein jakkeknapp med påskrifta I love lefse. Eller kanskje ei t-skjorte med ei påminning om at det var Gud som skapte lutefisken?

I byrjinga skapte Gud lefsa, og han kjende at ho smakte godt. (Foto: uffda1.com)I byrjinga skapte Gud lefsa, og han kjende at ho smakte godt. (Foto: uffda1.com)

Lefser for alle


Nettbutikken for alle som vil bli slik dei trur vi er, sel også videoen How To Make real Good Lefse! som er å få tak i i både VHS og DVD - versjon. No kan alle lære å lage skikkelege gode lefser, riktignok med litt trening, seier reklamen.

Elles er det også mogleg å kjøpe ein diplom på at ein har ein grad i - skandihovisk? Hm. Gjer dei narr av oss, eller av seg sjølve?

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Troll burger


At heile prosjektet kallar seg Uff da, kan jo tyde på at dette ikkje er dei mest ihuga norsk- amerikanarane, som dansar folkedans og importerer bunader og kallar burgersjappene sine for Troll Burger.

Vi vel å tru at

Uff da

er eit produkt av ein ironisk distansert subkultur som synast lutefisk er fasinerande men litt oppskrytt. Det er nesten så vi må bestille noko berre for å finne ut kva den ekstra gåva er som ein får ved kvar bestilling.

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving