Stoltenberg fordømmer Israel

Statsminister Jens Stoltenberg følgjer opp utanriksminister Jonas Gahr Støre sin skarpe kritikk og fordømmer Israel sine aksjonar mot palestinarane.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: Odin.dep.no)(Foto: Odin.dep.no)

London (NTB): Den israelske ambassadøren er lite glad for kritikken.

- Noreg fordømmer Israels aksjonar mot palestinarane. Ei slik kollektiv avstraffing er heilt uakseptabel. Israels motreaksjon står ikkje i forhold til det som er skjedd, seier Stoltenberg til Dagsavisen.

Noreg har protestert overfor Israel sin ambassadør i Noreg, Miryam Shomrat. Statssekretær Raymond Johansen har hatt to møte med ambassadøren og formidla regjeringa sitt syn.

- Noreg har påpeikt at øydeleggingane av palestinsk infrastruktur kan stride mot folkeretten. Det er veldig alvorleg, seier Stoltenberg.

Statsministeren er også uroa over meldingane om at israelske soldatar har tatt palestinske statsrådar og parlamentarikarar til fange.

- Vi er uroa for at dei arresterer lovleg valde parlamentarikarar og ministrar, seier Stoltenberg til Dagbladet. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving



Personvernpolicy