EU har inga tru på WTO-avtale

EU har lita tru på noko gjennombrot under WTO-forhandlingane i Geneve.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Ill: panossouthasia.org)(Ill: panossouthasia.org)

(NPK): Ei avtale denne helga er «ekstremt usannsynleg», slo EUs forhandlarar fast etter eit møte med fleire sentrale aktørar i Verdas handelsorganisasjon (WTO) seint torsdag kveld.

- G6-landene står for langt frå kvarandre, seier Peter Power, talsmann for EUs handelskommissær Peter Mandelson ifølgje NTB.

G6-landa er tungvektarane i WTO, nemleg EU, USA, Japan, India, Australia og Brasil.

Sjølv om WTO har åtvara mot at det er no eller aldri, har avstanden snarare auka enn minka, seier Brasils utanriksminister Celso Amorim. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving




Personvernpolicy