Giske åtvarar Orkla og Mecom

Trond Giske retta i går ei kraftig åtvaring mot Orkla og Mecom.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: Odin.dep.no)(Foto: Odin.dep.no)

(NPK): - Dersom eigarane av Orkla-avisene ikkje viser samfunnsansvar, trugar dei legitimiteten av pressestøtta, sa kulturministeren.

Giske møtte representantar for dei tilsette i Orkla Media torsdag ettermiddag, for å høyre deira syn på salet av selskapet til det britiske investeringsselskapet Mecom, skriv Dagsavisen.

- Orkla-avisene får fleire hundre millionar kroner kvart år i pressestøtte i form av momsfritak og produksjonsstøtte. Det gjer dei fordi vi ser på mediebedriftene som samfunnsbyggjande institusjonar. Dersom eigarane berre driv ut frå eit ønskje om kortsiktig profitt og ikkje viser samfunnsansvar, undergrev dei legitimiteten for pressestøtte, sa Giske.

Han ville ikkje gå nærare inn på kva Orkla-eigarane må gjere for å vise dette samfunnsansvaret, og måtte innrømme at han ikkje har noko verktøy han kan bruke for å stoppe salet. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving



Personvernpolicy