Krev retten til å produsera mat

Artikkelen fortsetter under annonsen

Forhandlingane i WTO må førast attende til eit realistisk nivå som gjev nettoimporterande land høve til å produsera mat til eigen marknad og produksjon av sams gode.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: antioksidanter.no)(Foto: antioksidanter.no)

(NPK): Dette kravet er sett fram i eit felles brev som Norges Bondelag saman med bondelag frå Korea, Japan, Island og Sveits har sendt til ambassadar og delegasjonar i Genève i samband med WTO-forhandlingane som går føre seg denne veka.

Brevet seier mellom anna nei til kraftige tollkutt og tolltak, og krev at det vert eit tilstrekkeleg tal på sensitive produkt, det vil seia produkt som er avgjerande for landbruksproduksjonen i det einskilde landet, og som ikkje skal underleggjast dei same krav til kutt i til dømes tollsatsar som andre produkt.

Brevet syner elles til den sams fråsegna som vart forfatta i Hongkong, og som i stor grad tek opp i seg dei same krava som norske bønder gjekk til Genève med i samband med framtidsmarsjen «Bønder set spor».

Over 200 millionar bønder frå 53 land støttar fråsegna, og no er Tyrkia på veg inn i lista over underskrivande land. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving