Cage vil hjelpe barnesoldatar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den amerikanske Hollywood-stjerna Nicolas Cage har opna lommeboka for å hjelpe tidlegare barnesoldatar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: Mitch Gerber/Corbis/EuropaPress/ SCANPIX)(Foto: Mitch Gerber/Corbis/EuropaPress/ SCANPIX)

New York (NTB-AFP): Cage har gitt nærmare 13 millionar kroner til eit fond som skal drive rehabilitering og gi lege og psykologhjelp til tidlegare barnesoldatar, opplyser Amnesty International.

- Nicholas har arbeidd utretteleg for å auke medvitet om skrekken barnesoldatar opplever og om andre menneskelege tragediar, sa Amnesty sin leiar i USA, Larry Cox, onsdag.

- Han fortener ros for denne innsatsen og vi set stor pris på gjevmilda hans, sa Cox.

Cage forklarte sjølv kvirfor han ønskjer å bidra til å gi barnesoldatane eit nytt liv.

- Tenk på dei ni månadane det tok for barna dykkar å bli født, tenk på all den omsorga de viser for å lære dei å sjå til begge sider før dei kryssar vegen, å lese ei bok eller gi dei gode vanar, sa Cage.

- Sjå så føre dykk korleis ein krigsherre legg våpen i hendene på dei og tvingar dei til å drepe, fortsette den Oscar-belønna skodespelaren.

Ifølgje Amnesty deltar no rundt 300.000 barn under 18 år i væpna konfliktar verda over, dei yngste av dei berre sju år gamle. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving