20 friskular søkjer om løyve

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mange stader i bygde-Noreg der den offentlege skulen er lagt ned, ventar fleire friskular på godkjenning.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: ntnu.no)(Foto: ntnu.no)

(NPK): 20 friskular har sendt søknad til Utdanningsdirektoratet om å få starte opp til hausten, trass i friskule-stopp frå regjeringa. Svaret kjem ikkje før 1. august.

Dei fleste søknadane kjem frå foreldre som vil starte friskule som erstatning for ein nedlagd offentleg grendeskule.

Då kunnskapsminister Øystein Djupedal sette foten ned for etableringa av friskular, sa han at det framleis skulle vere mogleg å bruke ordninga til å redde nedleggingstruga grendeskular.

Fleire friskular som NRK har vore i kontakt med meiner at sein sakshandsaming gjer det vanskeleg å starte opp til hausten.

Kunnskapsministeren avviser sein sakshandsaming, og trur at grendeskuleforkjemparane har førebudd seg så godt at dei kjem til å klare skulestarten til hausten. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving