Klart for bjørnejakt i Jostedalen

Artikkelen fortsetter under annonsen

For første gong på 50 år blir det bjørnejakt på Vestlandet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: giselahofmann.de)(Foto: giselahofmann.de)

(NPK): Løyvet til å jakte på bjørn i Jostedalen i Sogn og Fjordane vart gjeve torsdag.

Onsdag ettermiddag fann fjelloppsynsmann Einar Fortun to nye sauekadaver i Bakkedalen i Jostedalen. Rapporten om desse funna fekk fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal til å gi klarsignal, melder Bergens Tidende.

- Ingen tvil, det er bjørn i Jostedalen. Vi har også funne spor av dyret, seier fjelloppsynsmann Einar Fortun etter å ha sjekka dei døde dyra, ein vaksen sau og eit lam.

Truleg er det eit streifdyr som er på ferde. Minst 11 sauer har mista livet i Gaular, Fjærland og Jostedalen.

Sist det vart skote bjørn i Sogn og Fjordane er 50 år sidan. Også den gongen vart bamsen skoten i Jostedalen, lengst aust i fylket og på grensa mot Oppland. Tidlegare var det ei bjørnestamme på Vestlandet. No kjem dyra over fjellet frå aust. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving