Umogleg å bli dømd for folkemord

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er ikkje mogleg å bli dømd for folkemord i Noreg, trass i at norsk politi no skal straffeforfølgje personar som er mistenkt for dette.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Årsaka er at det ikkje finst føresegner for dette i norsk straffelov.

For seks år sidan påpeika generaladvokat Arne Willy Dahl dette problemet, men det er enno ikkje gjort noko med det. Justisminister Knut Storberget seier til NRK at føresegner om folkemord vil vere på plass tidlegast i 2008.

Noreg vil no intensivere jakt på moglege folkemordarar frå Rwanda. 15 flyktningar som bur i Noreg er mistenkt for å ha vore med på folkemordet i 1994.

Alt i 2002 kom representantar frå Rwanda til Noreg for å informere Riksadvokaten om mistankane mot flyktningar busett i Noreg. Men hittil har lite skjedd for å klarleggje om dei faktisk var med på folkemordet.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving