Vitne tør ikkje seie frå

Artikkelen fortsetter under annonsen

To av fem vitne tør ikkje stå fram. Det syner ei ny undersøking MMI har utført, skriv Aftenposten.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: benhammersley.com)(Foto: benhammersley.com)

(NPK): Mange som har vore vitne til kriminalitet seier at dei ikkje har varsla politiet av frykt for hamne i bråk og få represalier om dei møter i retten.

No foreslår ei arbeidsgruppe at det vert oppretta rådgjevingskontor i alle dei 27 politidistrikta i landet. Justisminister Knut Storberget seier det er alvorleg når førti prosent seier dei ikkje melder frå.

I tilknyting til kontora foreslår gruppa å opprette eit grønt telefonnummer der vitner skal få hjelp til å skaffe alt frå politivern til praktiske opplysningar om kva som venter dei i rettssalen. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving