Sa opp 700 - tilset 1000 nye

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei siste fem åra har Hæren kvitta seg med 700 tilsette. No skal dei tilsetje 1.000 nye dei neste to åra.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: mil.no)(Foto: mil.no)

(NPK): Det er etter store omstillingsprosessar med kraftig nedbemanning i forsvaret at Hæren no startar med å tilsetje befal og soldater att.

- Det er ikkje spesielt lurt å kvitte seg med så mange for etterpå å oppdage at det er underskot på kompetanse og ikkje minst på personell. Å vere kritisk avhengig av nytilsetjingar i så stort omfang, virkar ulogisk på meg, seier leiaren for Befalets fellesorganisasjon, Didrik Coucheron til NRK.

For seks år sidan jobba det 2.900 i Hæren. I dag er det berre 2.200. Om eit par år vil det altså vere meir enn 3.200 tilsette.

- Hæren må vekse de komande åra for å løyse dei oppdraga vi har, spesielt knytt til dei internasjonale bidraga. Vi skal ha 700 soldatar i internasjonal teneste. For at ikke belastninga skal bli alt for stor for dei som er att, må vi bli større enn i dag, seier Kjell Grandhagen, som er sjef for hæren. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving