Politimenn måtte læra hundespråk

England har vore heldige så langt i årets VM. Like heldige med hundeinnkjøp er dei derimot ikkje.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Ikkje så greit når ein ikkje forstår engelsk.Ikkje så greit når ein ikkje forstår engelsk.

Det byrja med at politiet i England hadde mangel på gode politihundar. Myndighetene måtte derfor kjøpa inn tre firbeinte frå Nederland.

Lystra ikkje


Men då dei topptrente hundane The Professor, Amigo og Dutch ankom, vart hundeførarane overraska då dei ikkje lystra.

I don't understand


Årsaka til at dei høgt kvalifiserte politihundane ikkje forsto dei høgt kvalifiserte engelske hundeførarane viste seg å vere eit språkproblem.

Dei nederlanske hundane forstod rett og slett ikkje kommandoane på engelsk.

Lynkurs


Dermed måtte hundeførarane sjå til å læra seg nederlandsk, og vart sett på første fly til Nederland for eit lynkurs.

Til tross for ekstrakostnadene for politiet, angrar ikkje politisersjanten kjøpet.

Prøver alt


- Me skyr ikkje noko middel for å sikre oss politihundar av aller høgaste kvalitet, seier Hardy Hussein ifølgje nettstaden Ananova.



Les meir om hundespråk på nettet (og då meiner vi ikkje nederlandsk):


Meir om dyr i Neste Klikk:

ABC Startsida:



Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy