Bodø-kvinne omkom i eksplosjonsulykke i Tyrkia

Ei Bodø-kvinne i 60-åra var blant dei fire omkomne i ein eksplosjon sør i Tyrkia søndag, melder bt.no.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: REUTERS/Ali Unal-Cihan News Agency (TURKEY)/SCANPIX)(Foto: REUTERS/Ali Unal-Cihan News Agency (TURKEY)/SCANPIX)

Ankara (NTB-DPA): Kvinna var på feriebesøk hos dottera si i Tyrkia då eksplosjonen skjedde. Dottera blei lettare skadd i eksplosjonen, opplyser direktør i Apollo, Leo Berbu, til NTB.

To tyrkarar og ein ukrainar mista også livet i ulykka, ifølgje fjernsynskanalen CNN, mens ytterlegare 26 personer blei skadd.

Berbu har opplysninga om den norske kvinna frå Apollos agent i Antalya i Tyrkia. Agenten igjen har opplysninga fra tyrkisk fjernsyn, og politiet er fjernsynet si kilde.

Kvinna var saman med dottera si i ein park ved Manavgat-falla, nesten 10 mil aust for byen Antalya, då det som truleg var ei gassflaske, eksploderte.

Dei to kvinnene var ikkje blant Apollo sine gjester, opplyser Berbu til Dagbladet.no. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving

Personvernpolicy