Kvar tredje familie har to bilar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kvar tredje norske familie har to bilar i garasjen. Sju prosent har tre eller fleire.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: people.csail.mit.edu)(Foto: people.csail.mit.edu)

(NPK): 87 prosent av oss tilhøyrer familiar med minst ein bil.

Nordmenn blir født inn i familiar som med stadig færre unntak har bil i garasjen, melder Aftenposten. Ni av ti nordmenn tilhøyrer heimar med bil.
Og medan det for fem år sidan var 33 prosent av hushaldningane som hadde to eller fleire biler, er talet no auka til 39 prosent, viser den store reisevaneundersøkinga som Transportøkonomisk institutt har laga.

92 prosent av norske menn og 82 prosent av kvinnene har førarkort. Stadig fleire ektepar kjøper kvar sin bil i staden for å krangle om kven som skal ha den eine. 74 prosent av mennene og 62 prosent av kvinnene seier at dei alltid har tilgang til bil.

Ferie og fritid spelar ein stadig viktigare rolle i samfunnet, noko undersøkinga om bilbruk understrekar sterkt: 40 prosent av folket eig eller disponerer fritidsbustad eller hytte, og dei aller fleste reiser dit med bilen.

Av alle reiser mellom Noreg og utlandet skjer 86 prosent i samband med ferie og andre private gjeremål.

Vi reiser stadig oftare til Sverige viser det seg, 49 prosent i fjor mot 40 prosent i 2001. Berre åtte prosent av svensketurane var jobbrelatert. Svenskehandel var den viktigaste grunnen, med heile 45 prosent av reisene. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving