Nettmobbing i konfliktrådet

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ungdom kjem med så grov sjikane og stygge truslar på nettet at dei hamnar i konfliktrådet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK):
Over heile landet har det vore ein klar auke i talet på meklingsaker på grunn av chatting på internett. Hittil i år har konfliktråda behandla nærare 100 saker på grunn av grov sjikane og truslar.

Ungdom heilt ned i 13-årsalderen møter no til mekling, fordi dei er utsette for nettmobbing eller sjølve har mobba andre grovt medan dei chatta.

- Det har vore ein klar auke i talet på meklingssaker over heile landet, seier informasjonssjef Gro Jørgensen til NRK.

- Dette er på mange måtar eit nytt konfliktområde for oss, og det er siste året vi har merka ein sterk auke, seier ho.

Myke av mobbinga knyter seg til bilete, til dømes nakenbilete eller kompromitterande festbilete. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving