Øl i staden for røyk

Artikkelen fortsetter under annonsen

Summen av laster er konstant, seiast det. Ein sjimpanse i ein kinesisk dyrepark har slutta å røykje.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein sjimpanse i ein kinesisk dyrepark hadde lagt seg til den leie uvana å røykje ti sigarettar om dagen. No har han endeleg slutta, melder svenske Aftonbladet.

Fortid frå sirkus


Sjimpansen byrja å røykje medan han var sirkusape. Og etter at han kom til dyreparken, syntest publikum det var morosamt å kaste inn sigarettar til han og sjå på at han naut nikotinen og røykjeritualet.

Kasta ting


Då dyrepassarane prøvde å få han til å slutte, blei sjimpansen veldig sur og byrja kaste ting rundt seg. Sjimpansar liknar jo veldig på menneske, som vi veit.


Øl hjelpte


Då dei til slutt fekk avvendt sjimpansen, var det ikkje jogging og gulrøter som var metoden. Neida, øl var det som hjelpte mot røykjesuget. Etter ein øl eller to gløymde sjimpansen den noko upassande uvana. Til fordel for ei anna uvane.

Vi i nynorskredaksjonen kan ikkje la vere å trekkje ein liten parallell til innføringa av røykjelova i Noreg, som jo også har gått overraskande bra.


Fleire røykjande sjimpansar på nettet:

Meir om røyking i Neste Klikk:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving