Vil gi kval og apar menneskerettar
(NPK): Kvart enkelt dyr er eit sjølvstendig individ, og kan dermed sidestillast mennesket, seier ho til Dagbladet.
I dag held ho forelesninga «Kvalar som personar» på EurSafe-konferansen ved Universitetet i Oslo. I tillegg til å vere redaktør for den prestisjetunge journalen «Etica & Animali», er ho prisvinnande forfattar og ettertrakta forelesar. Ho er oppteken av etiske problemstillingar knytt til dyrevelferd, bioteknologi og politikk.
- Stadig fleire snakkar om å gi desse dyra denne grunnleggjande retten: Retten til liv. Eg meiner vi bør handle raskt. Det herskar ingen tvil om at kval, sel, delfinar og dei store apeartane har ei høgt utvikla erkjenning tufta på fornuft og erfaring. (NPK)