Har ikkje endra studielivet

Den første evalueringa av utdanningsreforma frå 2003 viser at studentane jobbar mindre med studiane og at dei hoppar av like ofte som før.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(NPK): Den såkalla Kvalitetsreforma vart innført av Bondevik-regjeringa. Ein fersk rapport frå forskingssenteret Nifu Step viser at reforma har hatt liten verknad på fråfall og studievanar.

Innsatsen studentane legg ned målt i timar har ikkje auka. Fleire studentar har jobb ved sida av studiane, og inntektene frå deltidsarbeid har auka monaleg, skriv Dagens Næringsliv.

Målet med reforma var å auke tempo i utdanninga, utdanne fleire studentar raskare, redusere fråfallet av studentar og leggje til rette for heiltidsstudenten.

- Det kan sjå ut til at vi er lenger unna målet om heltidsstudenten enn nokon gong, skriv forskar Elisabeth Hovdhaugen ved Nifu Step i rapporten. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving



Personvernpolicy