Åpen for alle - alltid

Eldre legar sjukmelder mest

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eldre mannlege legar sjukmelder meir enn yngre kvinnelege legar, viser tal frå Rikstrygdeverket.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Ein rapport som blir lagt fram fredag dokumenterer at legens alder, kjønn og pasientmengde kan påverke sjansen for om du bli sjukmeldt eller ikkje, og kor raskt du blir friskmeldt.

Sjansen for å bli sjukmeldt er større hos ein mannleg fastlege som nærmar seg 60 år og har mange pasienter enn om du går til ein yngre kvinneleg lege, skriv Aftenposten.

Resultatet blir dokumentert i den første systematiske undersøkinga av sjukmeldingspraksisen blant norske fastlegar, basert på sjukmeldingar i 2003 og 2004.

Forskarane er overraska over det som kjem fram. Tidlegare forsking har konkludert med at kvinnelege legar sjukmelder meir enn menn. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving