Stressa? Lær av kyrne

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kyr har ein stressdempande effekt. Eg veit ikkje om det er vitskapeleg bevist, men eg merkar det.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen


Har du skuldrane litt vel høgt oppe? Greier du ikkje å puste ordentleg, ikkje å sove? Tenkjer du heile tida på alt du må gjere, alt du må rekke, alle telefonane du må ta før du tar ferie? Og korleis du skal greie å stresse ned til ferien?

Kanskje kan ei ku hjelpe deg til å slappe litt meir av. Viss du har gløymt kva det er å ta det med ro, kan kua vise deg korleis ein gjer det.

Kyrne som går utanfor stoveglaset mitt, dei stressar i alle fall ikkje i det heile. Eg såg ut av glaset ein kveld, og såg at kyrne, eller oksekalvar er dei vel gjerne, sto med baken mot kvarandre.

Bak mot bak


Dei sto med baken mot kvarandre ein kveld. Eg tenkte at det såg jo fint ut, kanskje eg skulle ta bilde? Så ringde telefonen, eg kom på at eg måtte sjå noko på tv, eg las avisa.

Omlag to timar seinare kom eg på kyrne igjen. Eg såg ut av glaset, for å sjå korleis det gjekk med dei. Dei sto der framleis, akkurat som før. Dei berre sto der, på same flekken i timevis.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Snur på hovudet


Kva tenkjer dei på? Av og til snur den eine på hovudet og ser på den andre. Eg kom ut med kameraet, sto inntil gjerdet og tok bilde. Dei såg på meg, men dei er vande med at eg går forbi dei, og lot seg ikkje affisere.


Likar REM


Kyr likar musikken til REM, står det å lese i

Nysgjerrigper

. Kyrne i ei undersøkjing gav meir mjølk når dei fekk høyre på REM. Høner likte betre Pink Floyd, viste det seg.

Korleis har kyrne blitt så rolege? Er dei litt vel rolege? Er dei deprimerte? Har dei høyrt litt for mykje på REM?

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Eg lar meg i alle fall inspirere av dei der dei står og ser og tenkjer. Dei skal ikkje rekke noko. Dei har ingen planar, må ikkje sjekke mailen sin, skal ikkje sende ei einaste melding, dei skal ikkje ein gong ta oppvasken.

Gå på besøk til ei ku


For dei som ikkje har kyr utanfor huset, vil eg tilrå å oppsøkje nokre kyr som kan gi den rette, sløve inspirasjonen. Bur du i Oslo er jo kongsgarden på Bygdøy ein stad å byrje. Eller du kan besøkje

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tryvann Vinterpark

, der kyr erstattar grasklypparane i sommar. Viss du ikkje bur i Oslo, veit du sikkert sjølv kor kyrne er å finne. Gå dit, og bli roleg.

Kanskje ein slik på kontoret kan få pulsen din ned?(Foto: krittersinthemailbox.com)Kanskje ein slik på kontoret kan få pulsen din ned?(Foto: krittersinthemailbox.com)

Kuerstatning


Viss du ikkje har tid til å oppsøkje kyr, du er jo stressa, du må ta telefonen, kan du jo få deg di eiga ku. Ja, altså ikkje ei sånn som eg har utanfor stoveglaset, men ei ku av plast eller keramikk. Eller kanskje eit bilde av ku-kunstnaren

Gunilla Holm

. Eg veit ikkje om kunstkyr gir same effekten, men det er jo verd å prøve.

Sikkert er det i alle fall at eg skal ha kua som ideal i ferien min. Eg skal stå i skumringa og tyggje drøv og sjå at det skumrar. I tre lange veker.


Les meir om kyr på nettet:

Meir om dyr i Neste Klikk:

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving