- Japanarane må ha meir sex
(Foto: panikhouse.com)
Tokyo (NTB-Reuters):
- Japanarane har rett og slett ikkje nok sex, seier dr. Kunio Kitamura, direktør for Japans familieplanleggings - foreining, til avisa Japan Times.
Japans fødselsrate, talet barn ei gjennomsnitts - kvinne får, fall i fjor til rekordlåge 1,25. Demografar reknar ei fødselsrate på 2,1 som naudsynt for å hindre nedgang i folketalet.
Ei undersøking familieplanleggings - foreininga har gjennomført viser at 31 prosent av japanarane mellom 16 og 49 år ikkje hadde hatt sex på over ein månad, utan at det var nokon spesiell helsemessig eller annan grunn til fråhaldet.
Arbeidsnarkomani blant japanske menn haldast fram som ei årsak til den manglande sexlysta. Mange er rett og slett for trøytte. I foreininga si undersøking svarer 44 prosent av dei som sjeldan har sex at dei meiner det er for slitsamt.
Japanerane si manglende sexlyst kjem også fram i ei undersøking gjennomført av kondomprodusenten Durex i fjor. Der hamnar Japan nedst på lista. Japanare har sex 45 gonger i året, mens det globale gjennomsnittstalet er 103. (©NTB)