Åpen for alle - alltid

Kari Traa årets nynorskbrukar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kari Traa er kåra til årets nynorskbrukar. Det skjedde då Dei Nynorske Festspela opna på Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda i Ørsta onsdag.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kari Traa er utropt til årets nynorskbrukar. (Foto: karitraa.com)Kari Traa er utropt til årets nynorskbrukar. (Foto: karitraa.com)

Hovdebygda (NTB): Kari Traa fekk prisen for sin bruk av nynorsk i ei næringsverksemd som både via nettstaden

www.karitraa.com

og elles når ut til særleg yngre grupper og miljø, og som er med og formar framtida for nynorskbrukarane, heiter det i utsegna frå juryen.

Kari Traa starta sitt eige klesmerke i 2003, og på nettstaden brukar ho språka engelsk, tysk, fransk og norsk - der norsk betyr nynorsk.

- I eit idrettsmiljø meir prega av spenninga mellom det hippe, urbane og det tøffe, naturlege er det rett og slett stas å sjå at nokon er med og gjer nynorsk til ein sjølvsagt del av kvardagen, der også Noregs Idrettsforbund knapt er kome fram til startstreken, sa Oddvar Haugland, styreleiar i Nynorsk kultursentrum, i talen sin. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving