Vil sende pornofilmar utan sladd

Artikkelen fortsetter under annonsen

Viss TV-selskapa Viasat og Canal Plus får medhald frå Medietilsynet, kan du no snart få sjå pornofilmar uten sladd.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Selskapa meiner at sladden må vekk etter at Høgsterett i desember ifjor legaliserte sal av usladda pornoblad i Noreg.

Dommen har alt ført til sal av pornofilmar over disk her i landet, skriv Dagsavisen.

Eigarane av Canal Plus og TV1000, har difor bede Medietilsynet vurdere sladden på nytt. Dei to selskapa viser i dag pornofilmar med sladd på fem kanalar.

Tilsynets endelige uttale skal vere klar i løpet av eit par veker. Medietilsynet har jobba mykje med porno i vinter. Tilsynet har fått inn 2.000 pornofilmar til registrering på eit halvår. Filmane er grovare, seier seniorrådgjevar Georg Stub i Medietilsynet til avisa Vårt Land.

- Vi ser at distributørane prøver å flytte grensene for kva som er akseptabelt å vise i Norge, seier Stub.

- Distributørane satsar no på utfordrande porno. Medan talet på thrillerar, komediar, familie- og underhaldningsfilmar går ned, stig talet på pornotitlar.

Og fordi distributørane no satsar større på porno, tek Medietilsynet langt fleire stikkprøver. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving