8.000 lastebilar må bort frå vegane

Artikkelen fortsetter under annonsen

Frå nyttår vil 8.000 norske lastebilar vere opptil en halv meter for lange i høve til EU-krav.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: melkevoll.no)(Foto: melkevoll.no)

(NPK): Norges Lastebileigar-Forbund ber no samferdselsminister Liv Signe Navarsete om hjelp.

Dei norske vogntoga er tilpassa vanskelege forhold og norske vegar med mange svingar. Bilane er difor utstyrte med tre akslingar. Det er også større avstand mellom bil og hengar for å kunne svinge på norske småvegar.

For 10 år sidan innførte EU nye reglar som gjorde desse lastebilane for lange. Noreg fekk likevel godkjent ei overgangsperiode fram til 1. januar 2007.

Frå og med denne datoen vil 8.000 norske lastebilar og vogntog vere opptil ein halv meter for lange i forhold til lovverket, skriv Aftenposten. Administrerende direktør Gunnar Apeland i Norges Lastebileigar-Forbund (NLF) er oppgitt.

- No kan vi bli nøydde til å parkere dei mest trafikksikre vogntoga, seier han. - Med våre krav til trafikktryggleik er to-aksla bilar på norske vintervegar ei svært dårleg løysing.

Han meiner at EU-krava sikkert er bra nok på kontinentet, men mindre gode i vinterlandet Noreg.

Apeland seier at han hittil har fått lite hjelp til å overtale EU. No set han sin lit til samferdselsminister Liv Signe Navarsete (Sp). Han vil ta saka opp med statsråden i neste veke. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving