USA lovar å respektere menneskerettar
Ein austerriksk politimann nærmar seg ei falsk bombe, som tysdag blei funne 300 meter frå hotellet USAs president George W. Bush bur på i Wien. Tryggleikstiltaka er massive i samband med toppmøtet mellom Bush og EUs leiarar onsdag. Foto: REUTERS/Herbert Neubauer (AUSTRIA)
Wien (NTB-AFP-Reuters): Det er to av punkta i utkastet til slutterklæring fra onsdagens toppmøte i Wien mellom USAs president George W. Bush og EUs leiarar.
Toppmøtet tar sikte på å dempe konfliktane over Atlanterhavet og styrkje samarbeidet mellom USA og EU. Utanrikspolitikk, økonomi og handel samt
energi og miljø er dei tre hovudpunkta for toppmøtet.
Bush er venta å bruke toppmøtet til å styrkje fronten mot Irans atomprogram, og førebu grunnen for eventuelle sanksjonar mot Iran.
President Bush kom til Wien tysdag kveld saman med kona Laura og utanriksminister Condoleezza Rice. Han blei motteken på flyplassen av
Austerrikes statsminister Wolfgang Schüssel. Austerrike er formannsland i EU dette halvåret.
Tryggleikstiltaka i Wien er massive i samband med besøket, som varar 21 timar. (©NTB)