Åpen for alle - alltid

Kjønn avgjer rusen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Forskarane kan ha løyst gåta om kvifor dei fleste rusmisbrukarane er menn.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: www.schmunzelmal.de)(Foto: www.schmunzelmal.de)

(NPK): Ved like store doser amfetamin skil mannehjernen ut tre gonger meir av «gledestoffet» dopamin enn kvinnehjernen.

Det er forskarar ved det amerikanske Johns Hopkins universitetet i Baltimore som har vore augevitne til ein kjønnsforskjell ingen har sett før.

I eit samanliknande forsøk med vaksne, friske kvinner og menn gav alle testar nokså like resultat, fram til alle fekk ein dose amfetamin, om lag av same mengde som den rusmisbrukarane set på seg sjølve.

Dermed viste det seg at mannehjernen reagerte heilt annleis. I gjennomsnitt skilde mannehjernen ut frå 50 til 200 prosent meir av kroppens eigenproduserte «gledesstoff», dopamin, enn hos dei kvinnelege forsøkspersonane.

Etter rustesten viste det seg at mennene hadde ei mykje sterkare positiv oppleving av rusen enn det kvinnene hadde.

- Større dopaminutløysing gir større lyst til å prøve rusmiddelet på nytt, seier leiaren for forskingsprosjektet Gary S. Wand.

Professoren i endokrinologi meiner funnet kan hjelpe til å forklare kvifor fleire menn enn kvinner blir amfetaminmisbrukarar, og vonar at forskinga kan leggje grunnlaget for ei meir skreddarsydd behandling av rusmisbrukarar av begge kjønn. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving