Mykje kyssing på norske arbeidsplassar
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
(Foto: asitis.org)
(NPK): Mest kyssesugne er det mennene som er, viser ei nordisk undersøking frå ein kjent tannbørsteprodusent.
Tannbørsteprodusenten lanserer i desse dagar ein praktisk tannbørste og tannkrem i lommeformat laga nettopp for at vi skal vere førebudde på alt. Og det er i samband med dette at dei amorøse trendane er undersøkt på nordiske arbeidsplassar.
Særleg er det norske menn som er ivrige kyssarar, viser undersøkinga. Heile 31 prosent av dei spurte norske mennene svara at dei kunne tenkje seg å kysse nokon på arbeidsplassen i dag, medan det berre er 18 prosent av de spurte kvinnene som går med tilsvarande kysseplanar.
Og heile 32 prosent svarar altså at dei har kyssa nokon på arbeidsplassen. (NPK)