Flyselskap flyktar til Noreg
(Foto: avionsdeligne.info)
(NPK): I staden blir dei skatteflyktningar i Noreg og Danmark.
Ryanair har droppa 11 nye ruter dei hadde planlagt å starte opp i Sverige, og set opp fleire flygingar frå Torp. Også selskapet FlyMe vurderer å følgje Ryanair sitt eksempel, skriv Dagsavisen.
Den nye miljøskatten som er vedteken i Riksdagen er på omtrent 100 kroner på kvar innanriksreise og 180 kroner på internasjonale avgangar. Skatten er enno ikkje innført fordi regjeringa vil ha ei avklaring frå EU. (NPK)