Mangel på realfag svekkjer utkantane

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mangelen på ingeniørar og matematikarar er så stor at ei rekkje offentlege tenester kan bli svekt, og utkantane vil tape i kampen om dei best hovuda innanfor teknisk-naturvitskaplege fagområde.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: p.birbandt.free.fr)(Foto: p.birbandt.free.fr)

(NPK): Presidenten i bransjeforeininga Tekna, Marianne Harg, seier til NRK at særleg små byar og utkantkommunar vil få store problem i åra som kjem.

Tekna meiner difor regjeringa må løyve ei ekstra milliard til realfag på statsbudsjettet neste år.

I ei fersk undersøking frå Tekna svarar fire av seks offentlege bedrifter at dei allereie no har problem med å skaffe kvalifisert personell.

Også det private næringsliv slit med å finne kompetanse innanlands, men dei har blitt flinkare til å rekruttere teknisk-naturvitskapleg personell frå utlandet. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving