Meny

Sommarjobb for bokormar

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

I sommar har tolv ungdommar i Aurland kommune ein heilt spesiell sommarjobb: Dei er litteraturkritikarar.

Å gå og bla i hyllene på biblioteket er vel ein kjekk jobb. (Foto: Toyni Tobekk)Å gå og bla i hyllene på biblioteket er vel ein kjekk jobb. (Foto: Toyni Tobekk)

«Ragnar Hovland virka litt nervøs i byrjinga når han skulle lese frå boka og svare på våre veldig gjennomtenkte spørsmål. Men han kom seg. Olaug Nilssen var eg mildt sagt skeptisk til i og med at eg har kritisert boka hennar, men når ho byrja å lese litt frå den så blei boka veldig fort morosam. Så anten er ho berre kjempeflink å lese eller så er boka litt god.»

Dette skreiv Kjell i går, i bloggen frå prosjektet Littkrit 2006. Han og 11 andre ungdommar i alderen 16-19 år bruker 2 veker av sommarferien på å bli meir kjend med nynorsk litteratur og forfattarar. Og dette får dei betalt for, som ein vanleg sommarjobb.

Ungdommane under ei intens bloggeøkt. (Foto frå bloggen littkrit.blogspot.com)Ungdommane under ei intens bloggeøkt. (Foto frå bloggen littkrit.blogspot.com)

I utlysningsteksten var det understreka at ein ikkje måtte vere lesehest frå før, for å bli tilsett i prosjektet. Det viktigaste er at du vil vere med på ei reise inn i nynorsk samtidslitteratur, meinte kommunen.

Mr. Nynorsk og den nye nynorskdronninga

«Men etter den vel fortente lunsjen kom det nokre besøkande som i nynorske sirklar nesten er kjendisar. Dei to heiter noko sånt som Olaug Nilssen og Ragnar Hovland aka «den nye nynorskdronninga» og «mr. Nynorsk». Sistnemde blei jo skrytt langt over skyene av Atle Hansen, mens me snakkar om Atle Hansen så har eg komme lenger i boka «som ein engel» og den blir berre betre og betre og etter kvart som eg kjem lenger inn i den.»

Sjølvaste den nye nynorskdronninga, Olaug Nilssen, har vore på besøk hos Littkrit 2006 i Aurland. (Foto: Aasentunet.no)Sjølvaste den nye nynorskdronninga, Olaug Nilssen, har vore på besøk hos Littkrit 2006 i Aurland. (Foto: Aasentunet.no)

Dette skriv Kjell i bloggen, og også dei andre kritikarspirene ser ut til å ha fått mykje ut av sommarjobben, som utanom Mr. Nynorsk og den nye nynorskdronninga har hatt besøk av Finn Tokvam, Gry Mørk og Atle Hansen.

Kultursatsing


Aurland kommune har tatt konsekvensen av at ungdom ikkje så lett greier å skaffe seg jobb i ein pressa arbeidsmarknad. Kommunen ønskte dessutan å vidareføre kultursatsinga rundt kultur- og informasjonssenteret Kunnskapstunet. Dei oppretta derfor 12 stillingar med 2 vekers sommarjobb for ungdom på folkebiblioteket i Aurland.

Mr. Nynorsk himself, også kjend under namnet Ragnar Hovland kom også på besøk. (Foto: Einar Schibevaag)Mr. Nynorsk himself, også kjend under namnet Ragnar Hovland kom også på besøk. (Foto: Einar Schibevaag)

Nye romanar


Ein kritikar må kunne forstå kva det er å skrive ei bok. Og om dei ikkje har skrive bøker, så har ungdommane fått prøve seg også skjønnlitterært i løpet av dei to vekene. Ein dag var oppgåva å skrive forslag til opningar på eige romanar.

Sandra byrjar ein av romanane sine slik:

«Hunden såg på far min med forventningsfulle auge. «Få ost! Få ost NO!!»

Gir ungdomen arbeidserfaring


Det ungdommen steller med, er å lese og analysere litterære tekstar og publisere litteraturmeldingar på Aurland kommune sine heimesider og i andre media. Føremålet med arbeidet er at ungdommane skal kunne lære seg å vurdere og analysere litteratur og å kunne formidle si oppleving av litteraturen. Samstundes meiner kommunen at sjølve søknads- og tilsetjingsprosessen vil lære ungdommen korleis arbeidslivet fungerar.

Ungdommane har ein heilt vanleg arbeidsdag med 37,5-timars veke og løn etter tariff.

Pressehandsaming har dei også lært noko om. På bloggen fortel dei oppglødde om besøk frå aviser og radio, men dessverre ikkje tv.

Nytenking


Kommunen har etablert eit kunnskapstun der satsinga på bibliotek og litteratur står heilt sentralt. Kunnskapstunet er tufta på tre berebjelkar; skule- og folkebibliotek, IKT med Infohagen og Kunnskapstunet som ein sosial og kulturell møteplass.

- Med plassering av Kunnskapstunet på Aurland barne- og ungdomsskule har vi ungdommen i fokus. No går me meir konkret til verks når det gjeld nytenking, fortel prosjektansvarleg, kommunalsjef Claus Røynesdal.

- Kvart vår er det stor etterspurnad frå ungdom etter sommarjobb. Det blir mindre og mindre behov for ufaglært arbeidskraft, og tilsvarande mindre arbeidsmarknad for ungdom som vil nytte feriane til å hauste arbeidsrøynsle og lommepengar.


Les meir på nettet:


  • Les bloggen til dei unge litteraturkritikarane i Aurland her

Les meir i Neste Klikk:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus