- Store fildelingsaktørar har base i Noreg

Artikkelen fortsetter under annonsen

Svenske Antipiratbyrån i Stockholm opplyser at dei har logga IP-adresser til flere store aktørar i Noreg som driv på med ulovleg nedlasting av musikk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Dei store kjeldene for spreiing ligg i Noreg, seier jurist Henrik Ponten i Antipiratbyrån til Dagens Næringsliv.

Han opplyser at Antipiratbyrån har eit utstrakt samarbeid med den norske musikkbransjen via advokatfirmaet Simonsen, og at partane utvekslar og deler informasjon. Advokatfirmaet er engasjert av bransjeorganisasjonane Ifpi og American Motion Picture Association (MPA).

Datatilsynet har no varsla at det vil granske musikkbransjen i samband med den utstrakte overvakinga av norske nettbrukarar. Advokatfirmaet Simonsen har fått frist til fredag med å overlevere dokument og informasjon som er samla inn.

- Vi skal no gå grundig gjennom materialet for å vurdere lovligheita av
overvåkinga opp mot personopplysningslova, seier juridisk rådgjevar Guro Slettemark i Datatilsynet.

Advokatfirmaet Simonsen har blant anna engasjert ein eigen IT-ekspert som dagleg følgjer med og er ein aktiv deltakar på ulike fildelingstenester, for å dokumentere privatpersonar sine lovbrot på internett. Datatilsynet meiner det er blitt samla inn sensitive personopplysingar, noko som er konsesjonspliktig. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving