Får lov å ete landskapet
Bill.mrk.: Flink til å jobbe, men kanskje litt sær. (Foto: blogs.warwick.ac.uk)
Snart skal heile Noreg på ferie. I alle fall nesten. Men korleis er det å vere turist langs norske vegar i juni og juli? Som å køyre i ein grøn tunnel, kan ein vel seie.
Tett i tett
Alt for mange plassar er det så tilgrodd med små og store buskevokstrar at utsikta er heilt blokkert. Så kan ein berre sitje der i bilen og lure på korleis det ser ut bak alt lauvet:
- Er det ein fin fjord der, eller eit stille vatn me kunne gått ned til?
Likar kvist
Geiter kan hjelpe, er bodskapen Bernt R. Hansen ved Bioforsk Øst Sæter kjem med på forskning.no. Både sau og geit er gode beitedyr som er med på å halde kulturlandskapet fint og ryddig.
- Men sauen og geita beiter ulikt, fortel Hansen. Geita et helst lauv, einer, bark og lyng, i motsetnad til sauen som tar gras først og hardare kost når grasfatet er tomt. Av beitedyra ku, sau og geit, er geita den som er best når det gjeld å halde landskapet ope.
Det skal vere sjøutsikt her ein plass. (Foto: Toyni Tobekk)
Treng fleire geiter
Husdyrbeiting gir landskapet eit mykje meir naturleg preg, enn når me menneske ryddar med maskiner og sag, meiner Hansen.
Dessverre finst det for lite geiter til å drive aktiv landskapspleie i dag. Bioforsk Øst Sæter i Kvikne driv sjølve og utviklar nye driftsformer i forhold til ammegeiter. Hansen trur ammegeita saman med tradisjonelt geitehald kan gjere stor nytte for kulturlandskapet.
Om det ikkje blir noko vekstnæring, så meiner han geitebønder her bør sjå for seg å auke inntektsgrunnlaget sitt gjennom å leige ut geiter.
Får betalt
I Virginia City, Montana (USA) har sjølve ordføraren sett i gong eit eksperiment med å la geitene beite ned ugrasset som trugar vokstrane i og rundt byen.
Lunsjpause for firbeinte gartnarar. (Foto: jts88.com)
Geitene, eller rettare sagt eigarane, får 13 dollar for kvar «acre» dei beiter ned. Det burde bli om lag 2 500 kroner per mål, det
Neste år: 1 000
Kanskje ikkje noko å bli rik på, for geitene til Montana-bonden Kim Harris beita ned 0,4 mål på tre dagar førre veka. Men det er no like greitt å få betalt for å ha dyra sine gåande hjå andre, og Harris seier til Bozeman Daily Chronicle at geitene hans har blitt svært etterspurde.
Denne sommaren er det 200 geiter som er «kommunalt tilsette» i Virginia City, men neste år ser ordføraren for seg at dei må ha heile 100 skjeggete buskeetarar i sving for å få arbeidet gjort.
Dyr kan du lese mykje om i Neste Klikk:
... og det er eit eige emne på Startsida.
Les meir nynorsk i Neste Klikk: