Litt.klikk: «Det andre blikket»

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kvar veke stiller vi ulike forfattarar faste spørsmål. Denne vekas forfattar er ein av dei som krev nynorsk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Navn:

Odveig Klyve

Alder:

52 år

Aktuell med:

«Det andre blikket»

Sivilstatus:

Gift

- Kvar var du då du skreiv boka?

- På arbeidsloftet mitt med utsikt mot sol, måne og skyer.


- Kven tenkte du på då du skreiv boka?


- På alle som erfarer, eller prøver å leve seg inn i korleis det opplevast når eit menneske som står ein nær, misser minnet.


- Kva type PC skreiv du boka på?

- Ein bærbar, lyseblå.


- Korleis valde du tittelen på boka ?

(Foto: Hans Jørgen Brun)(Foto: Hans Jørgen Brun)

- Eg valde denne tittelen fordi boka fortel om ein annan måte å oppfatta det verkelege på, derfor vart det «Det andre blikket».

- Kva er yndlingsordet ditt?

- Det finst så mange fine ord, men eg har ein favoritt akkurat no. Eg har nyleg gjendikta ein arabisk poet og det finst eit vakkert arabisk ord som er nesten umogleg å finna eit dekkande ord for på norsk -zairora-.

- Det tyder noko sånt som at mennesket gjennom livet er i ein konstant forvandlingsprosess.


- Kva bok betydde mest for deg då du var liten?

- Frå eg var ca fire år var det truleg ABC'en med ein fargerik hane utanpå. Eg hugsar kor fascinert eg var av dei ulike formene på bokstavane, og over at orda kunne rime. Seinare slukte eg alle indianarbøkene til Cooper som f.eks «Stifinnar». Eg var ein ekte hardangerindianar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


- Kva bok betydde mest for deg som tenåring?

- «Fuglane» av Tarjei Vesaas.


- Kva bok skulle du ønskje du hadde skrive?

- «Juleoratoriet» av Gøran Tunstrøm.


- Kva bok har du aldri klart å fullføre?

- Eg håpar at eg har fleire ufullførte bøker i hovudet. Men om eg snakkar høgt om dei, blir dei i alle fall ikkje fullført. Bøker må bli til i eit stille rom.


- Kva bok ville du tatt med deg dersom bokhylla brann?

- Viss det berre var mi bokhylle som brann, reknar eg med at dei fleste bøker kan erstattast. Men eg har tru på at Tomas Transtrømer sine dikt kunne hjelpe meg til å finna roen att etter ei slik oppleving.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


- Kva CD passar best som soundtrack til boka?

- Gjerne «Alina» av Arvo Pärt.


- Oppsummer boka i ei setning

- Det er ein diktsyklus som skildrar forholdet mellom mor og dotter i glimt frå barndom til demensavdeling.


- Kva skodespelar passar best til å spela hovudpersonen i boka?

- Dette er dikt som fortel ei historie, og dei kan godt bli til ein film. Eg er også filmregissør og har alt laga ein bitteliten novellefilm om ei eldre, dement kvinne, der hovudpersonen vert spela av ei fantastisk dame på 80 år som heiter Kari Loland. Om eg skulle bruke ein profesjonell skodespelar måtte det bli Grete Nordraa.

Artikkelen fortsetter under annonsen


- Kva person skulle du ønskje hadde boka på nattbordet?

- Eg skulle ønskje at den låg på nattbordet til nokon som leitar etter ord for den sterke prosessen det er å oppleve at ein ven eller ein i familien gjennom sjukdom endrar oppfatninga si av det som er verkeleg.

Om boka:

«Det andre blikket» er ei diktsamling som fortel om det smertelege tapet av minne hos ei aldrande kvinne. Dikta skildrar forholdet mellom mor og dotter i glimt som spenner frå barndom til demensavdeling. Tid og roller løyser seg opp og skaper forvirring, men og nye måtar å møtast på.


Om forfattaren:

Odveig Klyve (f. 1954) har studert film, media og sosialt arbeid ved Høyskolen i Stavanger. Ho har også gått Skrivekunst-akademiet i Bergen. Ho har skrive elleve bøker (dikt og barnebøker) og to teaterstykke, og har hatt manus og regi på fem kortfilmar.

Forfattaren si eiga heimeside




Utgjevingar

1993 Rift (dikt)
1994 Ei dobbel rørsle (dikt)
1995 Papirfly (bildebok for barn - utgitt saman med Åse Anda)
1996 Gravitasjon (dikt)
1997 Basunengelen (bildebok for barn, illustrert av Jan-Kåre Øien)
1999 Samtidig (dikt)
2002 Gjendiktning av Forugh Farrokhzad, Ein annan fødsel, i serien Stemmens kontinent
2004 Algebraisk (dikt)
2005 Gjendiktning av Fadwa Tuqán, Aleine med dagane, i serien Stemmens kontinent
2006 Det andre blikket (dikt)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kilde: Cappelen.no



Her kan du lese fleire

Litt.klikk


Meir litteratur i

Neste Klikk

:

Litteratur
Litteraturanmeldelser
Litt.klikk
Forfatter-portrettet
Lydbøker

ABC.Startsiden.no:

Litteratur

Dei tjue siste forfattarane i Litt.klikk:

Aksel Selmer: «Styrkeprøven»


Mona Høvring: «Helt vanlige mirakler»
Tore Aune: «Oppdrag: Midnatt»


Alf Kjetil Walgermo: «Mestermøter»


Eirik Ingebrigtsen: «Vendrakovic»
Astri C. Kleppe: «Her ute»


Stein Erik Lunde: «En far»


Marita Liabø: «Under brua»


Jørn Lier Horst: «Når havet stilner»


Jørgen Gunnerud: «Djevelen er en løgner»


Vibecke Groth: «Advokatene»


Øystein Wingaard Wolf: «Karusellturen med Gud»


Gaute Bie: «Go Shootyrbaby»


Lars Mytting: «Hestekrefter»
Jonny Halberg: «Tvillingen»
Mette Newt: «En plass i verden»
Olaug Nilssen: «Få meg på for faen»
Aasne Linnestå: «Utland»
Agnar Lihus: «Skogen er grønn»
Arne Svingen: «Pøbelkomiteen»