Streiken slutt i NRK

Artikkelen fortsetter under annonsen

Arbeidskonflikten i NRK er over. Leiinga i NRK og LO-medlemmene i NRK vart samde om ein ny avtale seint torsdag kveld.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): - Utover fredag reknar eg med at dei fleste sendingane både på radio og TV vil gå som normalt, opplyser kringkastingssjef John G. Bernander.

NRK-leiinga og dei LO-tilslutta organisasjonane Kringkastingens Landsforening (KL) og Musikernes fellesorganisasjon (MFO) blei samde etter lange forhandlingar torsdag.

Den nye avtalen er innanfor ramma av dei oppgjer som tidlegare er inngått i NRK.

Dei KL-organiserte er nøgd.

- Vi er stolte over å ha gjennomført en streik som har resultert i ei delvis innfriing av krava våre med ein god låglønssprofil, fokus på likelønn, arbeidsbelasting og utteljing på utdanning, seier Stein Kyrre Killi, nestleiar i Kringkastingens landsforening til NRK.

- Vi har fått eit godt generelt tillegg, samtidig som vi har fått forhandlingsrett på heile lønspotten. Vi har også langt på veg fått innfridd krav våre til å løfte mange av låglønsgruppene i NRK, seier Killi. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving