Flodbølgjeorganisasjon legg ned

Artikkelen fortsetter under annonsen

Halvtanna år etter tsunamikatastrofen, må Nasjonal støttegruppe for flodbølgekatastrofen leggje ned.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: asiantsunamivideos.com)(Foto: asiantsunamivideos.com)

(NPK): Den nasjonale støttegruppa, som representerer norske overlevande og etterlatne, har ikkje pengar til å drive lenger enn ut juni.

Leiar av støttegruppa, Christoph Wernersen, seier dei håpa styresmaktene ville bidra med meir pengar, men at svaret var nei.

- Vi har fått høyre at vi kan søkje om meir midlar, men har samtidig fått melding om at vi ikkje vil bli tildelt meir støtte. Det er svært skuffande og fører dessverre til at vi legg ned i slutten av denne månaden. Kassa er tom, seier, Christoph Wernersen til P4 Nyhetene.

26. juni er det halvtanna år sidan tsunamikatastrofen råka Asia. Kort tid etter tragedien blei støttegruppa etablert etter å ha fått eit eingongsbeløp av regjeringa.

- Vi blei aldri lova at vi skulle få ytterlegare støtte, men med bakgrunn tilbakemeldingar og behov som dei berørte framleis har, meiner vi absolutt at organisasjonen har livets rett. Tilsvarande grupper har ofte vore drevet i fem år, seier Wernersen.

Mange berørte som slit og som har behov for tett oppfølging. Han seier fleire ønskjer tilbod om meistringskurs for å takle kvardagen. Andre vil gjerne reise tilbake til dei tsunamiråka områda.

- Vi har akkurat avslutta ein rundtur i Noreg der vi har snakka med overlevande og etterlatne om situasjonen no. Nokre er nøgde med den offentlege hjelpa dei har fått. Andre seier dei knapt har fått noko hjelp i det heile. Når situasjonen er slik burde vi som støttegruppe ha drive vidare, meiner Wernersen. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving




Video
Vis mer

Risikerer livet for å redde haien

Tina og vennene kom over en strandet makrellhai på stranden i Florida. Da verken viltnemnda eller livreddere ville hjelpe haien, bestemte de seg for å ta saken i egne hender. Det skulle vise seg å være lettere sagt enn gjort.